Hopp til innhold
X
Innhald

Kilogram

Kilogram, med symbol kg, er i SI-systemet grunneininga for masse. Sidan 1889 har kilogram vore definert som massen av den internasjonale kilogramprototypen, som er ein polert sylinder av platinairidium som blir oppbevart i BIPM (Det internasjonale byrået for mål og vekt) i Sèvres ved Paris. Eininga blei innført i Frankrike i 1792, og ho blei definert som massen av 1 liter vatn ved 4 °C.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.11.2012
Sist oppdatert: 12.08.2013