Hopp til innhold
X
Innhald

Knop

Knop (nederlandsk).  Knop er brukt som nemning for knute eller stikk.
 
Knop er også brukt som eining for fart lik 1 nautisk mil per time, det vil seie 1852 m i timen. På loggliner var det tidlegare avsett knutar (knopar) med like mellomrom (vanlegvis 7 famnar). Talet på knutar som renn ut i løpet av 30 sekund, angav farten til skipet i knop.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 25.11.2011
Sist oppdatert: 30.11.2011