Hopp til innhold
X
Innhald

Kølnsk mark

Kølnsk mark er ei vekteining frå 1200-tallet. 1 kølnsk mark var 233,8 g, og ho var delt i 16 lodd à 4 kvintin à 4 ort.
 
I Noreg er eininga nemnd i 1305, og ved forordningar av 1514 og 1541 fekk ho offentleg stilling som eining for gull og sølv med verdi ca. 234 g.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 25.11.2011
Sist oppdatert: 30.11.2011