Hopp til innhold
X
Innhald

Lux

Lux, med symbol lx, er i SI-systemet eining for illuminans (belysningsstyrke) lik lumen per m². Ein lysstraum på 1 lumen som fell loddrett inn på og er jamt fordelt over ei flate på 1 m², gir ei belysning på flata lik 1 lux.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 25.11.2011
Sist oppdatert: 30.11.2011