Hopp til innhold
X
Innhald

Mach

Mach [makk], med forkorting M, er i aerodynamikken tilhøvet mellom farten til ein lekam i eit medium og lydfarten i det same mediet. Det inneber at 1 Mach er lik lydfarten.
 
 Mach er mest kjend i samband med fartsmåling for fly. Ein fart over 1 Mach blir kalla supersonisk, over 5 Mach blir han kalla hypersonisk. Nemninga har fått namn etter den austerriske fysikaren E. Mach.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 21.11.2011
Sist oppdatert: 30.11.2011