Hopp til innhold
Dette er eit bilde av den amerikanske kopien av meter-prototypen som gjaldt frå 1899 til 1966.
Dette er eit bilde av den amerikanske kopien av meter-prototypen som gjaldt frå 1899 til 1966.
National Institute of Standard and Technology, USA. Public Domain - work by employee of US Federal Government. Disclaimer on website: "With the exception of material marked as copyrighted, information presented on these pages is considered public information and may be distributed or copied."
X
Innhald

Meter

Meter (av gresk metron, mål), med symbol m, er i SI-systemet grunneining for lengd.

Meteren blei i Frankrike i 1799 definert som 1 timilliondel av meridianen si lengd frå Nordpolen til ekvator, og det blei laga ein meternormal, kalla «mètre des archives». 19. mars kjem den franske vitskapsademiet med tilråding, og 30. mars 1799 vedtek den franske nasjonalforsamlinga standarden og namnet metre
 
Frå 1875 har meteren vore etablert som internasjonal eining (lovfesta i Noreg 22.5.1875). Samtidig blei det laga ein ny normal av meteren i platina, like lang som den gamle, kalla den internasjonale meterprototypen. I 1889 blei 1 meter definert som avstanden mellom to riss på prototypane.
 
I 1960 bestemte den internasjonale konferansen for mål og vekt at ein skulle gå bort frå prototypen, og 1 meter blei definert som 1 650 763,73 bølgjelengder av strålinga frå ein bestemt energiovergang i eit kryptonatom.
 
Frå 1983 er definisjonen på 1 meter den distansen lyset i vakuum gjer unna på 1/299 792 458 av eit sekund.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 28.11.2011
Sist oppdatert: 30.03.2020