Hopp til innhold
X
Innhald

Mil

Mil (frå latin mille, tusen), er eit lengdemål.
 
Opphavleg var 1 mil fastsett som tusen dobbeltskritt (millia passuum) i den romerske hæren, svarande til 1478,7 meter. Sidan blei ei geografisk mil sett til 1/15 meridiangrad lik 7408 meter (det vil seie 4 kvartmil). Ei norsk mil blei sett til 36 000 fot lik 11 294,7 meter, ei dansk mil til 24 000 fot lik 7532,5 meter og ei svensk mil til 36 000 fot lik 10 688,5 meter.
 
Etter at metersystemet blei innført, blei det vanleg å kalle 10 km for ei mil.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 28.11.2011
Sist oppdatert: 30.11.2011