Hopp til innhold
X
Innhald

Mile

Mile [mail] er ei tidlegare britisk eining for lengd.
 
Opphavleg var mile lik den romerske eininga millia passuum (tusen dobbeltskritt), jf. mil. 1 mile var av svært varierande lengd (blant anna var 1 London mile lik 5000 feet tilsvarande 1524 m). I 1592 blei 1 mile lovfesta til 1760 yards lik 1609,344 meter; og ho blei derfor kalla statute mile, «lovfesta mil».
 
Mile blir no for det meste nytta i USA.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 28.11.2011
Sist oppdatert: 30.11.2011