Hopp til innhold
X
Innhald

Nautisk mil

Nautisk mil er i SI-systemet ei eining for lengd lik 1852 m.
 
Opphavleg blei 1 nautisk mil definert som lengda av eit bogeminutt målt langs ein meridian, men målingar har vist at lengda av eit midtre bogeminutt er 1852,276 m.
 
Den britiske marinen nyttar 1 nautisk mil lik 6080 feet svarande til 1853,18 m.

Først publisert: 28.11.2011
Sist oppdatert: 28.11.2011