Hopp til innhold
X
Innhald

Ohm

Ohm, med symbol Ω, er i SI-systemet ei avleidd eining for resistans, definert som volt per ampere (V/A).
 
1 ohm er den resistansen som forårsakar eit spenningsfall på 1 volt ved 1 ampere straumgjennomgang. Nemninga har fått namn etter den tyske fysikaren Georg Ohm. Ohm blir også brukt som eining for impedans og reaktans.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 28.11.2011
Sist oppdatert: 28.11.2011