Hopp til innhold
X
Innhald

Olje og gass, måleeiningar

Olje og gass, måleeiningar. 1. januar 1996 blei det bestemt (ved Oljedirektoratet) at petroleumsressursane skal bli oppgitt i standardkubikkmeter oljeekvivalentar, Sm³ oe.
 
Føremålet med dette er å få samanliknbare storleikar for dei ulike produkta. Måleeininga blir ikkje brukt når ein angir eksakte mengder. Omrekningane er baserte på den energimengda som blir frigjord ved forbrenning av dei ulike petroleumsprodukta. Som det går fram av den følgjande lista, er olje utgangspunktet for standarden.
 
For gass svarer 1000 Sm³ gass til 1 Sm³ oe. For olje svarer 1 Sm³ olje til 1 Sm³ oe.
 
For NGL («våtgass») svarer 1 Sm³ NGL til 1,9 Sm³ oe.
 
For kondensat svarer 1 Sm³ kondensat til 1 Sm³ oe.
 
Elles førekjem omgrepet fat som gjeld råolje. 1 fat råolje er lik 159 liter; 1 fat råolje er lik 0,84 tonn oljeekvivalentar, 1 tonn råolje er lik 7,49 fat; 1 standardkubikkmeter råolje er lik 6,29 fat.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 28.11.2011
Sist oppdatert: 28.11.2011