Hopp til innhold
X
Innhald

Øre

Øre (norrønt eyrir, fleirtal aurar, truleg frå latin aureus, av gull) er ei gammal norsk vekt- og mynteining.
 
1 øre var opphavleg lik 1/8 mark lik 3 ørtugar. Frå 1875 har øre vore ei mynteining lik 1/100 krone. Frå 1974 slutta myntane med verdi på 1 og 2 øre å vere gyldige betalingsmiddel. I 1984 forsvann 5-øren,  i 1993 forsvann 10-øren, og i 2012  forsvann 50-øren, men øre er framleis rekneeining.
 
Peikarar

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.11.2011
Sist oppdatert: 21.05.2012