Hopp til innhold
X
Innhald

Papirformat

Papirformat. Ved ein internasjonal avtale vedteken av Standard Norge er det fastsett bestemte mål for storleiken på papir.
 
Utgangspunktet er eit ark på 1 m² (A0). A0 måler 841 × 1189 mm, og alle formata i serien får ein ved å halvere det føregåande: A1 måler såleis 594 × 841 mm, A2 420 × 594 mm, A3 297 × 420 mm, A4 210 × 297 mm (forretningsbrevark), A5 148 × 210 mm, A6 105 × 148 mm (brevkortformat), A7 74 × 105 mm og A8 52 × 74 mm.
 
Til desse formata svarer det standard konvoluttformat, kalla B- og C-format. C-serien er den vanlegaste. Eit A4-ark passar utbretta i ein C4-konvolutt, og bretta to gonger får det plass i ein C6-konvolutt. Konvoluttane i B-serien er rommelegare.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 28.11.2011
Sist oppdatert: 28.11.2011