Hopp til innhold
X
Innhald

Pennyweight

Pennyweight, med symbol dwt (av engelsk denarweight), er ei gammal eining for myntvekt i Storbritannia. Eininga blei visstnok innført på 1200-talet som vekta av 32 kveitekorn. Seinare blei eininga definert som 24 grains lik 1,555 gram.
 
Pennyweight er no avløyst av einingane i SI-systemet.

Først publisert: 28.11.2011
Sist oppdatert: 28.11.2011