Hopp til innhold
X
Innhald

Pitotrøyr

Pitotrøyr [pitå-], er eit apparat til måling av trykk i strøymande væsker. Apparatet har fått namn etter oppfinnaren, den franske fysikaren Henri Pitot (1695–1771).
 
Apparatet består av to røyr med munningane vinkelrette på kvarandre, plasserte slik at det eine blir retta mot straumen. Trykkforskjellen mellom røyra er proporsjonal med kvadratet av farten. Pitotrøyr blir også brukte for å måle farten til fartøy og fly i trykk- eller pitotloggar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 28.11.2011
Sist oppdatert: 28.11.2011