Hopp til innhold
X
Innhald

Plancks konstant

Plancks konstant. Ifølgje kvanteteorien kan utsending og opptak av elektromagnetisk energi berre skje i «pakkar», kalla kvant.
Energien til kvanta, E, er proporsjonal med frekvensen til strålinga, f, og han er gitt ved uttrykket E = hf. Proporsjonalitetskonstanten h blir kalla P. Han er ein grunnleggjande naturkonstant, med verdi h = 6,62618×10¯³⁴ joule-sekund (Js).
Plancks konstant blei innført av Max Planck i 1900. Han gir også ei nedre grense for kor nøyaktig visse fysiske storleikar kan målast samtidig, til dømes energien til ein partikkel i eit bestemt tidsrom og tidsrommet si varigheit. .

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 28.11.2011
Sist oppdatert: 28.11.2011