Hopp til innhold
X
Innhald

Sekund

Sekund blir brukt om ulike måleiningar.
 
1. Med symbol s er sekund i SI-systemet grunneining for tid lik 9 192 631 770 periodar av den strålinga som svarer til overgangen mellom dei to hyperfinnivåa i grunntilstanden for cesiumatomet ¹³³Cs.
 
2. Med symbol " er sekund namn på eit vinkelmål lik 1/60 av 1' (1 bogeminutt) eller lik 1/3600 av 1° (grad) eller lik π/648 000 (radianar).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.11.2012
Sist oppdatert: 12.08.2013