Hopp til innhold
X
Innhald

SI-systemet

SI-systemet, på fransk Système International d'Unités, er eit internasjonalt system for måleiningar. Systemet blei utforma i 1960, og det blei innført i Noreg ved kongeleg resolusjon 19.6.1977.
 
SI-systemet byggjer på sju grunneiningar: meter, kilogram, sekund, ampere, kelvin, mol og candela. Av disse er det avleidd ei lang rekkje andre einingar. Supplementeiningar er radian og steradian. Visse desimale multiplar av SI-einingar har eigne namn (liter, tonn, bar, ar). Visse einingar er i Noreg definerte uavhengig av SI-einingane og blir berre brukte til særskilde føremål (elektronvolt i atomfysikk, nautisk mil og knop til sjøs og i luftfart, mm kvikksølv for blodtrykk, karat for edelsteinar).
 
Namn           
Symbol   
Grunneining
kilogram
kg   
sekund
ampere
kelvin

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.11.2012
Sist oppdatert: 12.08.2013