Hopp til innhold
X
Innhald

Sievert

Sievert, med symbol Sv, er eininga for den biologiske verknaden av ioniserande stråling.
 
1 Sv er ei absorbert dose som har den same biologiske verknaden som ei dose på 1 gray (1Gy er lik 1 joule/kg) av 0,25 MeV (megaelektronvolt) gammastråling (altså er Sv lik Gy for gammastråling).
 
Sievert avløyser den tidlegare eininga rem, sidan 1 Sv er lik 100 rem.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 28.11.2011
Sist oppdatert: 28.11.2011