Hopp til innhold
X
Innhald

Talent

Talent er ein av dei eldste kjende einingar for vekt (masse). Talent var i bruk frå ca. år 3000 f.Kr. og opp til vår tid. Eininga blei lovfesta i Egypt ca. 2600 f.Kr. som vekta av 1 kubikkfot vatn. Den babylonske og den attiske talenten var begge lik 26,2 kg. Som mynt var 1 talent lik 60 miner à 100 drakhmar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 28.11.2011
Sist oppdatert: 28.11.2011