Hopp til innhold
X
Innhald

Tønne

Tønne er ei måleining. Tønne er eit eldre holmål for tørre varer. I Noreg var 1 tønne lik 144 norske potter lik 138,97 liter. I Danmark var 1 tønne lik 144 danske potter lik 139,121 liter, og i Sverige var 1 tønne lik 146,562 liter. 
 
Tønne er også eit eldre markmål. I Noreg var 1 tønne land lik 40 000 norske kvadratfot lik 3937,4 m². I Danmark var 1 tønne land lik 14 000 danske kvadratalen lik 5516,2 m². I Sverige var 1 tunnland lik 14 000 svenske kvadratalen lik 4936,4 m².

Først publisert: 29.11.2011
Sist oppdatert: 29.11.2011