Hopp til innhold
X
Innhald

Unse

Unse, unze, er ei gammal vekteining. Nemninga kjem frå latin uncia, tolvdel. Den gamle romerske unciaen var lik 1/12 libra lik ca. 27,3 g. I Skandinavia var 1 unse lik ca. 30 g. Unse er ei vanleg eining i engelsktalande land, ounce.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.11.2011
Sist oppdatert: 29.11.2011