Hopp til innhold
X
Innhald

Volt

Volt, med symbol V, er i SI-systemet eining for elektrisk spenning eller potensialforskjell.
 
Eininga blir definert som potensialforskjellen mellom to punkt på ein elektrisk leiar som det flyt ein konstant straum på 1 ampere gjennom, og som har eit konstant effekttap på 1 watt. V = W/A (watt per ampere) = J/C (joule per coulomb).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.11.2011
Sist oppdatert: 29.11.2011