Hopp til innhold
X
Innhald

Voltampere

Voltampere, med symbol VA, er eining for tilsynelatande effekt av ein elektrisk straum målt i SI-einingar og lik watt. Når det gjeld vekselstraum, opptrer likevel maksimum av straum (ampere) og spenning (volt) ikkje samtidig, men er faseforskuva med ein vinkel φ. Effekten målt i watt, aktiv effekt, blir då lik VA × cos φ. Reaktiv effekt, som har symbolet VAr, er lik produktet av tilsynelatande effekt og faktoren sin φ.


 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.11.2011
Sist oppdatert: 29.11.2011