Hopp til innhold
X
Innhald

Watt

Watt, med symbol W, er i SI-systemet eining for effekt lik 1 joule/sekund (J/s).
 
Watt blir definert som den effekten som blir omsett når energien 1 joule verkar i 1 sekund. Eininga har fått namn etter den skotske ingeniøren James Watt. Wattsekund (med symbol Ws) er mål for energi lik 1 joule. Wattime (med symbol Wh) er mål for energi lik 3,6 kilojoule.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.11.2011
Sist oppdatert: 29.11.2011