Hopp til innhold
X
Innhald

Weber

Weber, med symbol Wb, er i SI-systemet eining for magnetisk fluks. Weber blir definert som den magnetiske fluksen som induserer ei spenning lik 1 volt i ein enkelt leiar som omgir fluksen når han minkar til 0 i løpet av eit sekund, altså 1 Wb = 1 V × s.
 
Eininga har fått namn etter den tyske fysikaren W. Weber.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.11.2011
Sist oppdatert: 29.11.2011