Hopp til innhold
X
Innhald

Arbeid

Arbeid. I fysikken er arbeid produktet av den krafta som påverkar ein lekam og den strekninga han blir flytta i krafta si retning. Arbeid blir målt i newtonmeter (Nm), og 1 newtonmeterer lik 1 joule, i erg (= 10¯⁷ J), kilowattime (= 3,6×10⁶ J) eller i elektronvolt (= 1,60219×10¯¹⁹ J). 
 
I sosialøkonomien er arbeid ein produksjonsfaktor som skaper økonomiske verdiar og tilfredsstiller behov.

Først publisert: 24.11.2011
Sist oppdatert: 30.11.2011