Hopp til innhold
X
Innhald

Dopplereffekt

Dopplereffekt er det forholdet at bølgjelengda til ei bølgjerørsle blir endra når bølgjegivaren og tilskodaren beveger seg i forhold til kvarandre.
 
Nemninga er oppkalla etter den austerrikske fysikaren Christian Andreas Doppler (1803–53). Dopplereffekt kan til dømes observerast når ei lydkjelde passerer oss. Observasjonar av dopplereffekten i lyset frå stjerner viser at universet utvidar seg.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.11.2011
Sist oppdatert: 30.11.2011