Hopp til innhold
X
Innhald

Gravitasjon

Gravitasjon er den gjensidige tiltrekkingskrafta mellom massar. Storleiken av krafta er proporsjonal med massane og omvendt proporsjonal med kvadratet av avstanden mellom dei. Denne naturlova blei formulert av Newton i 1687.
 
I relativitetsteorien blir gravitasjon beskriven geometrisk. Tid-rommet er krumt nær massive lekamar.
 
Ifølgje Newton sin gravitasjonsteori beveger jorda seg under påverknad av gravitasjonskrafta frå sola, medan jorda, ifølgje relativitetsteorien, beveger seg fritt i det krumme tid-rommet rundt sola

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.11.2011
Sist oppdatert: 30.11.2011