Hopp til innhold
X
Innhald

Kraftfelt

Kraftfelt er område i rommet der det verkar krefter på lekamar som er til stades i området. Alle lekamar er omgitt av gravitasjonsfelt. Elektriske ladningar er omgitt av eit elektrisk felt. I rommet rundt ein magnetpol er det eit magnetisk felt. Eit kraftfelt er karakterisert ved retninga som krafta verkar i.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.11.2011
Sist oppdatert: 30.11.2011