Hopp til innhold
X
Innhald

Likevekt

Likevekt. Ein lekam eller eit system er i likevekt når summen av kreftene som verkar på han, er lik null.
 
Når ein lekam er påverka av tyngdekrafta og støttekrefter eller opphengskrefter, skil ein mellom stabil, labil og indifferent likevekt, avhengig av om støttepunktet ligg rett over, rett under eller i tyngdepunktet for lekamen.
 
Det er termisk likevekt i eit system når temperaturen er den same overalt i systemet; det vil seie at det ikkje finn stad nokon transport av varmeenergi.
 
Det er elektrisk likevekt i eit system når det ikkje er nokon flyttingar av elektriske ladningar i systemet.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.11.2011
Sist oppdatert: 30.11.2011