Hopp til innhold
X
Innhald

Mekanikk

Mekanikk er læra om lekamar si likevekt og rørsle. Mekanikken blir tradisjonelt inndelt i statikk, læra om likevekt, kinematikk, læra om rørsle og dynamikk, læra om samanhengen mellom krefter og rørsle.
 
Grunnleggjarane av den såkalla klassiske mekanikken er Galilei og Newton. Mekanikken blir i dag oppfatta som eit spesialtilfelle av den meir generelle relativitetsteorien. Dei kompliserte forholda i atom og molekyl blir beskrivne av kvantemekanikken, jamfør kvanteteori.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.11.2011
Sist oppdatert: 30.11.2011