Hopp til innhold
X
Innhald

Newtons lover

Newtons lover er tre grunnleggjande påstandar formulerte av Newton. Dei tek for seg tilhøve innanfor mekanikken, den delen av fysikken som handlar om rørslene til lekamar.
 
Dei beskriv samanhengen mellom kraft, masse og rørsle under ikkje-relativistiske vilkår.
 
Newtons 1. lov blir også kalla «tregleikslova». Ho seier at ein lekam som ikkje er påverka av krefter, er i ro eller beveger seg rettlinja med konstant fart.
 
Newtons 2. lov seier at ein lekam med masse m som blir påverka av ei kraft F, får ein akselerasjon a som er proporsjonal med krafta og omvendt proporsjonal med massen, F = ma.
 
Newtons 3. lov, ofte kalla «reaksjonslova», seier at når ein lekam verkar med ei kraft på ein annan lekam, verkar den siste lekamen tilbake på den første med ei motsett retta like stor kraft.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.11.2011
Sist oppdatert: 30.11.2011