Hopp til innhold
X
Innhald

Oscilloskop

Oscilloskop er eit apparat som gir eit samtidig synleg bilete av svingingar. Mest vanleg er katodestråleocilloskop der biletet blir vist på ein skjerm som i eit fjernsynsapparat. Ein katodestråle lagar ein liten, lysande flekk på skjermen. Med ei styrespenning blir strålen trekt sidelengs og pendlar raskt, slik at flekken lagar ein lysande, vassrett strek. Dei svingingane som skal visast, lagar samtidig ei styrespenning som trekkjer strålen opp og ned slik at biletet av eit oscillogram kjem på skjermen.
 
Oscilloskop blir brukte i telekommunikasjonsteknikk og i elektronisk måleteknikk, frå kjernefysikk og akustikk til biologi og medisin.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.11.2011
Sist oppdatert: 30.11.2011