Hopp til innhold
X
Innhald

Overflatespenning

Overflatespenning er kohesjonskrefter ved overflata av ei væske. Molekyla nede i væska blir tiltrekte likt frå alle kantar, mens dei i overflata blir einsidig tiltrekte av dei molekyla som ligg innanfor. Dette representerer ei nettokraft som blir kalla overflatespenning. Ho kjem til syne som ein tendens til å gjere overflata på væska minst mogleg, og ho dannar ei overflatehinne som er så sterk på vatn at visse insekt kan gå på ho.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.11.2011
Sist oppdatert: 28.12.2011