Hopp til innhold
X
Innhald

Pendel

Pendel er ein lekam som er hengd opp slik at han kan svinge om ein akse eller eit punkt. Ein matematisk pendel er eit massepunkt hengt opp i ei vektlaus snor. Ein kjeglependel er ein pendel (til dømes ei blykule i ei tynn snor) som beveger seg med jamn fart i ein sirkel.
 
Ein planpendel er ein pendel som svingar i eitt og same plan. Avstanden mellom ein planpendel sitt likevektspunkt og eit av ytterpunkta blir kalla amplituden (svarer til radien i sirkelen til ein kjeglependel). Den tida ein planpendel bruker frå det nedste punktet i svingebanen og opp til det eine ytterpunktet og tilbake igjen (ei svinging), blir kalla pendelsvingetid eller periode.
 
For ein kjeglependel er svingetida den tida som pendelen bruker på å gå éin gong rundt.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.11.2011
Sist oppdatert: 30.11.2011