Hopp til innhold
X
Innhald

Presesjon

Presesjon. I fysikken omhandlar det den kjegleforma rørsla av rotasjonsaksen for ein roterande lekam rundt vertikalaksen, som til dømes rørsla til ein roterande snurrebass med skråstilt akse.
 
I astronomien handlar det om den tilsvarande rørsla til jordkloden. Forlenginga av jordaksen beskriv i løpet av 25 800 år ein sirkel på himmelen med radius 23° 27' om polen til ekliptikken.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.11.2011
Sist oppdatert: 30.11.2011