Hopp til innhold
X
Innhald

Sentrifugalkraft

Sentrifugalkraft er ei kraft som blir erfart i eit referansesystem som roterer eller beveger seg langs ein krum bane. Sentrifugalkrafta er overalt retta vinkelrett på banen, utover i forhold til banen si krumming.
 
Sentrifugalkrafta er ei fiktiv kraft fordi ho ikkje er ein vekselverknad mellom lekamar, men skuldast rørsla til referansesystemet.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.11.2011
Sist oppdatert: 30.11.2011