Hopp til innhold
X
Innhald

Sifong

Sifong (frå gresk via fransk). Eigentleg er ein sifong eit strå, brukt som sugerøyr, derfor blir nemninga nytta på hevert og ein del hevertliknande apparat eller konstruksjonar som til dømes ein vasslås. 
 
Ein sifong kan også vere ei sprutflaske for mineralvatn som verkar på grunn av trykket frå karbondioksidgassen.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.11.2011
Sist oppdatert: 30.11.2011