Hopp til innhold
X
Innhald

Tregleiksmoment

Tregleiksmoment er uttrykk for den motstanden ein lekam har mot forandring av sin rotasjonsfart. Ein roterande lekam har større tregleiksmoment jo lengre vekk frå rotasjonsaksen massen er plassert. Tregleiksmomentet avgjer kor stor rørsleenergi ein gjenstand har i rotasjonen og kor stort spinn han har.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.11.2011
Sist oppdatert: 30.11.2011