Hopp til innhold
X
Innhald

Aggregattilstandar

Aggregattilstandar er den faste eller den flytande eller den gassformige tilstanden som eit stoff kan vere i. I den faste tilstanden er både forma og volumet av ein lekam bestemt ved konstant temperatur. Er stoffet flytande, vil volumet vere bestemt, men ikkje forma. I den gassformige aggregattilstanden er både form og volum ubestemt. Ein fjerde aggregattilstand blir kalla plasma, som er ionisert gass, det vil seie gassatom splitta i negative elektron og positive ion, til dømes på grunn av høg temperatur. Plasmatilstanden er den vanlegaste i universet.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.10.2011
Sist oppdatert: 30.11.2011