Hopp til innhold
X
Innhald

Atommasse

Atommasse har eininga u som er 1/12 av massen til eitt atom av C-12-isotopen, som svarer til 1,66×10¯²⁷ kg. Atommassen til eit grunnstoff er middelverdien av massen til atoma i grunnstoffet si naturlege isotopblanding, uttrykt i eininga u. Når massen er gitt opp utan nemning, er det snakk om relativ atommasse, då han er gitt opp i forhold til eininga u. Likevel er det vanleg berre å gi opp atommasse for grunnstoff som eit unemnt tal.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.10.2011
Sist oppdatert: 30.11.2011