Hopp til innhold
X
Innhald

Bølgjemekanikk

Bølgjemekanikk. Dei alminnelege lysfenomena som bøying, bryting, refleksjon, polarisering og så vidare lèt seg forklare ut frå den oppfatninga at lys er bølgjer. Men på byrjinga av 1900-talet viste Einstein at den fotoelektriske effekten ikkje kunne forklarast utan at ein antok at lys bestod av partikkelliknande kvant (sjå foton). Seinare (1925) viste de Broglie at ein også må anta at atomære partiklar kan vise bølgjeeigenskapar (sjå materiebølgjer). Bølgjemekanikk er blitt utvikla vidare av Schrödinger på grunnlag av teorien til de Broglie. Elektronet sin bølgjenatur er påvist ved interferensforsøk, og bølgjemekanikken er teken i praktisk bruk med elektronmikroskopet.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.11.2012
Sist oppdatert: 05.11.2012