Hopp til innhold
X
Innhald

Deklinasjon

Deklinasjon (frå latin). 1. I astronomien er det vinkelavstanden frå himmelens ekvator, rekna frå 0° til 90°, positiv mot himmelens nordpol og negativ mot sørpolen. Samanlikna med rektascensjonen avgjer han posisjonen til eit punkt på himmelkula. Deklinasjonen svarer til geografisk breidd og lengd på jorda. 2. I fysikken tyder det misvising, det vil seie vinkelen mellom meridianen og den magnetiske kompassnåla si retning på ein stad. Deklinasjonen blir kalla vestleg når kompassnåla peikar vest for meridianen, i motsett fall austleg. 3. I språkvitskapen blir deklinasjon brukt om bøying av nomen (substantiv, adjektiv og pronomen) i kjønn, tal, kasus og form.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 30.11.2011