Innhald
Drope
Drope er ei lita væskemengd som blir halden saman av væska si overflatehinne. Ein frittsvevande drope har derfor kuleform. Tverrmålet av ein vassdrope i tåke er 0,01 mm, i skyer 0,03 mm, i regnvêr opptil 5 mm. Når væske dryp ut av eit røyr, blir alle dropane omtrent like store, avgjord av overflatespenninga til væska. I medisinen lir visse legemiddel gitt i dropeform med ein dropeteljar, ein glaspipette. I ein justert dropeteljar er 20 dropar vatn lik 1 gram. For alkohol er det 60–65 dropar per gram.
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
Først publisert: 24.10.2011
Sist oppdatert: 28.12.2011
Sist oppdatert: 28.12.2011