Hopp til innhold
X
Innhald

Elektrisk element

Elektrisk element, før kalla galvanisk element, omdannar kjemisk eller termisk energi til elektrisk energi. Eit elektrisk element er sett saman av to forskjellige metall, elektrodar, som står i ein elektrolytt eller i kvar sin elektrolytt med ein porøs skiljevegg mellom. Det første elektriske elementet blei laga av Volta i 1800.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.10.2011
Sist oppdatert: 30.11.2011