Hopp til innhold
X
Innhald

Elektrisk straum

Elektrisk straum er elektrisk ladde partiklar i rørsle. 

I ein metallisk leiar er desse partiklane elektron. I ei oppløysing (elektrolytt) er dei ion, og straumen fører med seg kjemiske reaksjonar (elektrolyse). Ved vekselstraum, som skiftar retning mange gonger i sekundet, går det ikkje føre seg nokon netto transport av elektrisk ladning.

Elektrisk straum oppstår viss det er ein potensialforskjell (spenning) mellom to punkt i ein slutta straumkrets. Ved sida av spenninga kjem straumstyrken også an på resistansen i leiaren. Resistansen gjer at den elektriske energien går over til varme.

Elektrisk straum blir målt med amperemeter eller galvanometer, og straumstyrken blir oppgitt i ampere (A).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.10.2011
Sist oppdatert: 14.06.2017