Hopp til innhold
X
Innhald

Emulsjon

Emulsjon (frå latin, mjølke ut, suge ut). 1. Små dropar av ei væske som er fint fordelte i ei anna væske som den første væska ikkje blandar seg med eller lèt seg løyse i, til dømes olje i vatn. 2. Den lysømfintlege hinna som finst på fotografisk film, glas og papir.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.10.2011
Sist oppdatert: 30.11.2011