Hopp til innhold
X
Innhald

Entropi

Entropi er eit omgrep i termodynamikk og varmeteknikk. Entropi er eit mål på graden av uorden i eit system. Omgrepet er utvikla av varmelæra si andre hovudsetning, som seier at varme aldri kan gå av seg sjølv frå ein kaldare til ein varmare stad, berre omvendt. Ved all temperaturutjamning aukar entropien, og derfor vil entropien i universet stadig auke. Det ser ut som om det i naturen er tendens i retning av utjamning av alle temperaturforskjellar. Viss ein kan tenkje seg at alle ting i heile universet ein gong får same temperatur, vil universet sin entropi ha nådd maksimum. Då er det ikkje lenger mogleg med nokon varmeoverføringar, og ingen varmekraftmaskinar vil kunne gå. Statistisk sett er uorden meir sannsynleg enn orden. Entropilova er uttrykk for at alle prosessar går frå ein tilstand med mindre sannsyn til ein tilstand med større sannsyn.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.10.2011
Sist oppdatert: 30.11.2011