Hopp til innhold
X
Innhald

Eter

Eter (frå gresk) skulle, ifølgje ein tidlegare teori, vere eit vektlaust stoff som ein rekna med måtte fylle heile universet. Stoffet skulle formidle lyset si forplantning gjennom rommet og formidle kreftene som forårsaka rørslene til planetane. Som fysisk omgrep forsvann eter endeleg med teoriane til Einstein. I dag blir det brukt som populær nemning på kringkasting. 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.10.2011
Sist oppdatert: 30.11.2011